Topp2_Verdensrommet

Det kjennest som å flyge ut i verdensrommet

Barn elskar fysisk uteleik og dei sanseopplevingane som følgjer med leiken. Pedagogar bør støtte barns gode opplevingar i uterommet ved å vere nærverande og deltakande i uterommet og i barns leik.

«Det kjennest som å flyge ut i verdsrommet.» Slik beskriv ein femårig gut leiken sin på leikeplassen i ei norsk undersøking. Begeistringa for leikeplassen er han ikkje åleine om. Undersøkinga viser nemleg at barn i uteleiken opplever ei kjensle av fridom og av å få stimulert sansane sine. Sanseopplevingar er nødvendige for at barn kan lære å kjenne kroppen sin – derfor bør pedagogar støtte gode opplevingar i uterommet.

VAKRE SANSEOPPLEVINGAR

Forskar Kathrine Bjørgen, som står bak undersøkinga, slår fast at det er ein viktig del av barnets utvikling å sanse verda. Viss ikkje sansane blir utfordra, får barnet vanskar med å utvikle kroppsbevisstheit og lære å kjenne seg sjølv og kva kroppen kan klare.

Nettopp for barn speler uterommet ei viktig rolle. – Barn seier «Eg elskar å springe», «Det gir krefter i beina å hoppe» eller «Det kiler i magen» når dei skal beskrive kroppslege erfaringar i uterommet. Dei får ikkje berre kroppslege, men også kjenslemessige inntrykk når dei leiker utadørs, seier Kathrine Bjørgen.

PEDAGOGISK UTEROM

Uterommet er eit viktig pedagogisk rom fordi barna her kan få andre typar sansestimuli enn ein kan fi nne innadørs, fortel forskaren. Uterommet kan endre seg på ein annan måte enn innerommet. Det endrar seg med ver, vind og årstid, dag for dag, og kan derfor heile tida utforskast på nytt og gi nye sanseinntrykk.

– Uterommet byr på mange spontane opplevingar, og det er nok for barn fordi dei heile tida får nye opplevingar. Eksempelvis er det å hoppe i ein sølepytt ei svært sanseleg oppleving, som barnet kan ha lyst til at oppleve om att og om att, utan at det er eit eigentleg formål med aktiviteten, seier Kathrine Bjørgen.

Krydder_2a

«VAKSNE GÅR BERRE OMKRING OG SÅNN»

Vaksne støttar barns begeistring for den fysiske uteleiken ved å vere aktivt til stades. Kathrine Bjørgens undersøking viser likevel at dei fl este barn opplever uterommet som eit rom der dei vaksne berre i liten grad deltek. Barna seier for eksempel «Nei, dei (vaksne, red.) snakkar berre når dei er ute…» eller «Nei, vaksne kan ikkje leike. Dei går berre rundt omkring og sånn».

Kathrine Bjørgen meiner det blant anna er eit spørsmål om tradisjon når pedagogar ikkje er like deltakande i leiken ute som inne.

– Barn seier «Det kiler i magen» når dei skal beskrive kroppslege erfaringar i uterommet.

– Ein kan godt vere deltakande ved å vere merksam, spørjande eller kommenterande utan direkte å vere med i leiken. Men det har vore tradisjon for at når barn var utadørs, skulle dei kunne leike fritt og ta ein pause frå dei vaksne. Uterommet har for mange vorte synonymt med fri, ikkje vaksenstyrt aktivitet, og det er synd, for barna elskar at dei vaksne deltek i leiken, seier ho.

Når vaksne er nærverande og deltakande i barns leik, hjelper dei barna til å få ei betre forståing av kva dei kroppsleg meistrar. For å få tilgang til det pedagogiske potentialet ved uterommet har vi derfor bruk for å ta eit oppgjer med oppfatninga om at uteleiken er barnas fristad frå dei vaksne, konkluderer forskaren.

Krydder_2b

VIS KROPPSLEG GLEDE

At pedagogane skal engasjere seg, er likevel ikkje det same som at dei skal overta styringa av barnas leik i uterommet. Det handlar snarare om at dei skal støtte barna når dei utforskar grensene for kva kroppen klarer, for eksempel ved språkleg å oppmuntre barna til å prøve nye kroppslege utfordringar ved sjølv fysisk å vise nye moglegheiter for leik og bevegelse, eller med eit godtakande smil, seier Kathrine Bjørgen:

– Det er viktig at vaksne engasjerer seg og viser kroppsleg glede og begeistring for det barnet fi nn på. For viss den vaksne både balanserer og klatrar saman med barnet, så inspirerer det barnet og bidreg til at barnet får eit positivt kroppsleg sjølvbilete og syn på fysisk aktivitet. Det er svært viktig fordi barn også lærer av å sjå det dei vaksne gjer. Dei vaksne er rollemodellar for barna – også når dei ikkje direkte deltek i leiken, det er det viktig å hugse på.

Forskinga bak

Bjørgen, K. (2012).
Fysisk lek i barnehagens uterom. 5åringers erfaring med kroppslig fysisk lek i barnehagens uterom.
Nordisk Barnehageforskning 5(2), 1-15.

Dialogkort

TEMA: UTELEIK

TRE GODE RÅD FRÅ KATHRINE BJØRGEN

1) Delta i leiken og inspirer til å utvikle leiken, slik at han heile tida er fysisk ufordrande, men hugs å ikkje overta styringa av leiken.
2) Ver bevisst på di eiga framtoning. Det har ein smittande effekt på barna det du uttrykkjer kroppsleg.
3) Kommuniser med barna både kroppsleg og verbalt.

Les også

Ønsker du å dele denne siden?

×