Topp_11_larenderorg

Kunnskapen til nyutdanna får liten innverknad

Nyutdanna barnehagelærarar meistrar det pedagogiske arbeidet med barna, men dei strever med å vere leiarar for assistentar med lang erfaring.

Liv Torunn Eik har jobba i mange år med å utdanne barnehagelærarar. Ho var nysgjerrig på kva som skjedde med studentane når dei kom ut i barnehagane som nyutdanna.

I sitt doktorgradsprosjekt observerte og intervjua ho seks nyutdanna barnehagelærarar det første året dei var i arbeid. Alle dei seks deltok i den nasjonale rettleiingsordninga for nyutdanna, nytilsette barnehagelærarar og fekk rettleiing av erfarne kollegaer.

Lite informasjon og oppfølging

Dei nyutdanna barnehagelærarane vart tekne godt imot da dei kom ut i barnehagane. Men ingen av barnehagane hadde eit introduksjonsprogram for dei. Ingen hadde ei fadderordning. Ingen hadde skriftleg informasjon om rutinane i barnehagen. Utanom rettleiing ein gong i månaden var det lite oppfølging av dei nye barnehagelærarane. Berre ein av dei seks hadde ein introduksjonssamtale med styraren i barnehagen.

«Berre spør viss det er noko»

Barnehagar er komplekse organisasjonar med mange tradisjonar, rutinar og reglar, skrivne og uskrivne. Det er mykje ein nytilsett lurer på, og mange ting han eller ho skal gjere for første gong: foreldremøte, foreldresamtalar, gjennomføre møte, lage planar, osv.

«Berre spør viss det er noko,» sa kollegaer og styraren til den nytilsette. I ein travel kvardag er det derimot ikkje så lett å finne tid.

Kollisjon mellom pedagogikk og praksis

Dei seks nyutdanna førskolelærarane meistra det pedagogiske arbeidet med barna etter nokre få månader. Men dei hadde problem med å stå fram som leiarar og setje ord på sin teoretiske kunnskap til assistentane, særleg til dei som var eldre og meir erfarne enn dei sjølve, fortel Eik.

– Dei nyutdanna støtta barnas leik og utforsking og snakka mykje med dei. Under måltida hadde dei ofte engasjerte samtalar om det barna var opptekne av. Slike samtalar vart ofte avbrotne av assistentar som ville rydde raskt av bordet etter måltida. I garderoben var dei nyutdanna opptekne av å gi barna tid til å kle på seg sjølve, mens assistentane ofte kledde på dei. Det skulle gå fort og effektivt.

Eik meiner det ofte kunne bli kollisjon mellom det fokuset barnehagelærarane har på pedagogiske moglegheiter, og det ønsket assistenten har om rask og effektiv gjennomføring av måltider, påkledning og bleieskift.

Vart ofte avbrotne i gode situasjonar

Pedagogisk arbeid i barnehagen skjer i samspel mellom barna og personalet i alle situasjonar gjennom dagen, ikkje berre i samlingsstunda og i andre planlagde aktivitetar. Det krev kompetanse å oppdage og bruke dei pedagogiske moglegheitene i barnehagen.

– Eg såg at dei nyutdanna gjorde mykje bra i samspel med barna. Dei var lite regelstyrte og støtta barnas sjølvstende og nysgjerrigheit, men dei grunngav ikkje handlingane sine og lét seg raskt avbryte. Dermed vart deira kunnskapar og pedagogiske arbeid i kvardagslivet i barnehagen lite synleg for assistentane. Mange gode situasjonar vart avbrotne i staden for at dei vart delte med assistentane og bidrog til felles læring i personalet, fortel forskaren.

Bytte til kvardagsspråk

Da dei nyutdanna barnehagelærarane kom rett frå utdanninga, brukte dei ein del fagomgrep. Etter overgangen til yrket gjekk dei over til å bruke meir og meir kvardagsspråk, la forskaren merke til.

– I barnehagekulturen er likskapsideologien sterk. Dei fleste oppgåvene blir utførte både av barnehagelærarar og assistentar. Alle skal ta sin del av det praktiske arbeidet. Dei nye barnehagelærarane vart frustrerte over praktisk arbeid som stal tid frå det pedagogiske arbeidet med barna.

Praktisk kunnskap såg ut til å bli vektlagd meir enn den teoretiske. Dette prega synet på dei nyutdanna barnehagelærarane i barnehagane. Det var meir fokus på deira manglande erfaring enn på deira ferske faglege kunnskapar. Dei nye barnehagelærarane opplevde at kunnskapane deira frå utdanninga var lite etterspurde.

– Det er krevjande å hevde teoretisk kunnskap når du er ny og høyrer til ei yrkesgruppe som er i mindretal, meiner Eik.

Vanskeleg å utvikle barnehagen

Det er lovpålagt at det skal være utdanna barnehagelærarar i norske barnehagar. Dei teoretiske kunnskapane til barnehagelærarane er viktige for kvaliteten på det pedagogiske arbeidet. Dersom det berre er den praktiske kunnskapen som blir vektlagd, er det vanskeleg å utvikle barnehagane vidare, meiner forskaren.

– Det er viktig å utnytte blikket til dei nytilsette på arbeidsplassen. Dei kan stille spørsmål ved forhold som dei andre tilsette tek for gitt, og få inn nye perspektiv og kunnskapar. Men denne moglegheita viste seg å bli lite brukt i barnehagane i undersøkinga mi. Det var lita interesse for meiningar og kunnskapar dei nyutdanna måtte ha. Med eitt unntak: Datakunnskapane deira vart etterspurde.

– Dei nyutdanna tilpassa seg i stor grad til gjeldande praksis i barnehagen. Dei inngjekk i liten grad i gjensidige læringsprosessar med resten av personalet fordi kunnskapane deira frå utdanninga sjeldan vart formidla og delte med dei.

– Forskinga mi set søkjelys på forhold ved kulturen i barnehagen som kan hemme vidare læring både for barnehagelærarane og for resten av personalet, seier Eik. Barnehagelærarane må setje ord på kunnskapen sin og utvikle han vidare saman med resten av personalet, slik at både teoretisk og praktisk kunnskap får innverknad.

Kilde

Eik, L. T. (2014). Ny i profesjonen. En observasjons- og intervjustudie av førskolelæreres videre kvalifisering det første året i yrket. Doktoravhandling. Universitetet i Oslo, Norge

Ønsker du å dele denne siden?

×