Topp_MatematikkViktig

«Matematikk er viktig fordi han finst»

3 SPØRSMÅL TIL INGVALD ERFJORD:
KVIFOR ER DET SÅ VIKTIG AT BARNEHAGEBARN ARBEIDER MED MATEMATIKK?

Matematikk er ikkje berre viktig for ingeniørar og økonomar, men for oss alle. For barn er matematikk mest av alt viktig fordi han finst. Barn stiller naturleg mate-matiske spørsmål. Kor gammal er du, kor høg er du, kva er det sannsynlege for at noko skjer? Kva er verdas største tal? Den matematiske forståinga er ein viktig del av barns kognitive utvikling.

KVA FÅR DET PEDAGOGISKE PERSONALET UT AV Å ARBEIDE MED MATEMATIKK? 

Dei får eit nytt blikk på faga sine. Dei ser at matematikk saktens kan vere i sentrum for ein pedagogisk aktivitet og får dermed nye idear og nye måtar å arbeide pedagogisk med barna på.

KVIFOR ER DET IKKJE FLEIRE SOM ARBEIDER MED MATEMATIKK ALLEREIE?

Livet i ein barnehage er intenst. Der skjer mykje heile tida, og matematikk krev at du bruker tid på å undre deg saman med barna. Ei anna avgrensing er at vi undervurderer barnet. Vi tenkjer at vi må vere forsiktige i forhold til å lære barna matematikk, fordi det er noko som er knytt til skolen. Og det er sjølvsagt viktig at dei får lov til å vere barn, men utvidar ein synet på kva som er matematikk, er det både givande og moro å arbeide med det i barnehagen.

Forskinga bak

Erfjord, I., Hundeland, P.S. & Carlsen, M. (2012):
Kindergarten teachers’ account of their developing mathematical practice.
ZDM Mathematics Education 44, 653-664.

Mer inspirasjon

På matematikksenteret.no og iktsenteret.no finn du eigne barnehagesider med ressursar til integrering og bruk av matematikk og IKT i barnehagen. Nettstaden nysgjerrigper.no kan også gi inspirasjon til bruk av matematikk i kvardagen.

Dialogkort

TEMA: MATEMATIKK

Les også

Ønsker du å dele denne siden?

×