Topp_PedagogiskeTilnærmingarMatematikk

Pedagogiske tilnærmingar til meir matematikk

Den undrande tilnærminga til å arbeide med emna handlar om å vere open, følgje nyfikna til barna og stille spørsmål. Denne tilnærminga er særleg god når det handlar om å bli klokare på matematikk. Heile den matematiske tenkjemåten er nemleg basert på å stille spørsmål. Mange trur det handlar om å kunne mange svar. Men det er berre ein del av det. Å skape matematikk handlar om kreativ undring. Og barn i barnehagealderen er naturleg spørjelystne.

Læringshistorier er ein reiskap til å bli bevisste om det pedagogiske arbeidet og om barns utvikling. Og forteljingar om barns opplevingar og erkjenningar om matematikk, geometriske former og forståing kan vere med på å skape merksemd om kvar matematikken finst, og gi inspirasjon til det vidare pedagogiske arbeidet.

Forskinga bak

Erfjord, I., Hundeland, P.S. & Carlsen, M. (2012):
Kindergarten teachers’ account of their developing mathematical practice.
ZDM Mathematics Education 44, 653-664.

Mer inspirasjon

På matematikksenteret.no og iktsenteret.no finn du eigne barnehagesider med ressursar til integrering og bruk av matematikk og IKT i barnehagen. Nettstaden nysgjerrigper.no kan også gi inspirasjon til bruk av matematikk i kvardagen.

Dialogkort

TEMA: MATEMATIKK

Om matematikk i den norske rammeplanen

Ordet matematikk er ikkje direkte nemnt i barnehagelova, men matematikken er integrert i fagområdet «Tal, rom og form» i rammeplanen. Der står det mellom anna at: «Barn er tidleg opptekne av tal og teljing, dei utforskar rom og form, argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna matematisk kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre utforskinga og leggje til rette for tidleg og god stimulering.»

Les også

Ønsker du å dele denne siden?

×