Topp_10_HandHand

Trivsel i barnehage og på skole går hand i hand

Ei undersøking frå det danske Børnerådet viser at trivsel i barnehagen er avgjerande for om barna gler seg til skolen, eller om dei ser på seg sjølve som nokon som kjem til å bli erta eller skape uro på skolen. Heldigvis gler dei aller fleste barna seg til skolelivet.

Dei aller fleste barna i barnehagen er positivt innstilte overfor skolelivet, og gler seg veldig til å byrje på skolen. Barna har forventningar om å møte kjekke lærarar, få nye vener og å bli flinke. Det viser det danske Børnerådet si undersøking «Skolen – set fra børnehaven», som gir innblikk i knappe tusen 5–6-åringars forventingar til og førestellingar om skolen. Men undersøkinga viser også at knapt kvart tredje barn trur dei kjem til å bli erta på skolen, og rundt ein fjerdedel av barna trur det vil bli vanskeleg, eller dei tviler på om dei vil få vener.

Trivsel i barnehagen har stor betydning for forventningane til skolelivet.

– Barn som er glade for å gå i barnehagen, gler seg i større grad til å byrje på skolen. Dei synest i større grad at det er gøy å skrive bokstavar og bruke tal, og dei har ei forventning om at dei kjem til å bli flinke. Det viser at barn som trivst i barnehagen, også forventar at dei kjem til å trivast i ein ny kontekst. På den andre sida svarar barn som ikkje trivst i barnehagen, i større grad at dei ikkje gler seg til skolen, og at dei trur lærarane er strenge, seier Stine Lindberg, som er barnefagleg konsulent i Børnerådet, og drivkrafta bak undersøkinga.

– Barn som er glade for å gå i barnehagen, gler seg i større grad til å byrje på skolen.

BARN ER EKSPERTAR PÅ EIGNE LIV

Ho peikar på at Børnerådet frå tidlegare undersøkingar veit at det er ei tett kopling mellom trivsel og fagkunne i skolen.

– Trivsel og skolefagkunne går hand i hand. Det er viktig at vi skapar trivsel for barna. Dersom ein skal skape ein god skolegang, må ein skape ein god barnehage. Det er eit vesentleg poeng som undersøkinga slår fast. Det er sjølvsagt ikkje for seint på skolen, men det krev endå meir der, fortel Lindberg.

’Skolen – set fra børnehaven’ er den fjerde i ei rekkje undersøkingar som Børnerådet har gjort blant barna i Minibørnepanelet. Minibørnepanelet er sett saman av cirka tusen barn som går i barnehage, fordelte over heile landet. Føremålet med panelet er å få stemmene til dei yngste borgarane på bana.

– Sjølv om det er barna som skal på skolen, er det som oftast dei vaksne sitt syn på barna som tek mest plass når ein jobbar med overgangar. Minibørnepanelet byggjer på tanken om at alle menneske er ekspertar på eigne liv; barn er ekspertar på eigne opplevingar. Det er berre dei som veit korleis dei opplever verda, og kva slags førestellingar dei til dømes har om skolen. Den viktigaste oppgåva Børnerådet har, er å gi barna ei stemme i den offentlege debatten. Derfor er det viktig å spørje barna direkte, seier Lindberg.

Krydder_10b

STILLE BARN I LANGE REKKJER

Og korleis trur barna det blir å gå på skolen? Kva seier dei? Mange av barna forventar at det blir kjekt, medan kvart fjerde barn trur det blir keisamt, og kvart tredje barn trur det blir vanskeleg.

Førestellingane deira om skolen teiknar ikkje berre eit bilete av ein moderne skole. Dei ser snarare for seg den tradisjonelle skolen der lærarane er strenge, der dei store ertar dei små, og der skolearbeidet er einsformig.

– Barna har ei stereotypisk førestelling om skolen. Nokre barn snakkar om skolen nærmast som ein disiplineringsfabrikk med strenge lærarar og lange rekkjer med stille barn som må rekkje opp handa for å snakke. Lindberg peikar også på at barna har ei førestelling om skolen som ein stad der ein gjer rampestrekar og held rabalder, også med lærarane.

– Kvar har dei desse bileta frå? Er det frå populærkulturen? Er det frå foreldre, sysken, pedagogar? spør Lindberg.

Ho oppfordrar aktørane i barnehagen og på skolen til å nyansere biletet – også når det kjem til førestellingane om barna sine eigne roller.

– Når nesten kvart tredje barn trur dei kjem til å bli erta på skolen, kan det henge saman med førestellingane dei har om skolen. Mange barnefilmar og barnebøker handlar om at nokon blir erta, til dømes i klassikaren Gummi-Tarzan, seier Lindberg.

Ho peikar også på at det framleis i altfor stor grad er erting og mobbing på skolen, så her handlar det ikkje om å neglisjere problema, men snarare om å framheve det viktige sosiale aspektet ved det å gå på skolen.

Undersøkinga viser at barnehagen pregar forventningane til skolen. Mange barn har skoleførebuande aktivitetar i barnehagen, og dette påverkar barna i stor grad. Nokre barn omtalar seg sjølve ut frå ein særleg skoleidentitet lenge før dei byrjar på skolen, til dømes som ein bråkmakar. Derfor kan pedagogane jobbe med å utfordre stereotype førestellingar om skolen, på same måten som dei kan vere med på å utfordre førestellingane om korleis barna trur dei kjem til vere på skolen.

Krydder_10_a

MEIR ENN EIT FAGLEG PROSJEKT

Av og til når ein spør barna om noko, får ein svar som vi vaksne ikkje har tenkt på. Til dømes viser det seg at kjennskap til toaletta på skolen har stor betydning for ein trygg overgang. Undersøkinga viser at dei nye fysiske romma som barna skal møte, spelar ei stor rolle for dei.

– Barna nemner toaletta spesielt, og det betyr mykje for barna at dei veit kvar dei er. Toaletta har òg ei sosial betydning, og dette er det viktig å hugse på når skolen skal ta imot barna, seier Stine Lindberg. Eit vesentlig poeng i undersøkinga er at barna er opptekne både av det sosiale og det faglege i sine førestellingar om skolen.

– Barn i Danmark byrjar tidleg i barnehagen og oppheld seg der mange timar kvar dag. Her legg ein grunnlaget for basale sosiale dugleikar som kan bli avgjerande for om opplevinga av å gå på skolen blir positiv. På eit grunnleggjande plan kan ein seie at det er viktigare å lære å vere ein del av eit fellesskap, enn det er å lære bokstavar og tal. Men det eine utelukkar ikkje det andre. Det har barna også plukka opp, for det er nettopp både sosiale forhold og faglege utfordringar som opptek barna i deira syn på skolen, fortel Lindberg.

Forskinga bak

Børnerådet (2013):
Skolen – set fra børnehaven: Børns forventninger til og forestillinger om skolen.
København: Børnerådet.

FAKTA OM UNDERSØKINGA ’SKOLEN – SET FRA BØRNEHAVEN’

Korleis ser skolen ut for store barn i barnehagen? Kva slags forventningar og førestellingar har barna om skolelivet? Det handlar rapporten ’Skolen – set fra børnehaven’ om. Undersøkinga byggjer på ei spørjeunderøking der 966 barn frå 91 danske barnehagar har svart. I tillegg er det gjort oppfølgjande intervju med 27 barn. Rapporten gir ikkje svar på korleis ein som pedagog best kan jobbe med overgangar, men han gir eit kvalifisert perspektiv på overgangar, sett frå barnas side.

 

Ønsker du å dele denne siden?

×